Oppdaterte krav til dyreholdjournal for alpakka

Publisert av Line Werner Kolstad den 30.01.26.

Opplysningar som skal førast i dyrehaldjournalen

Dyrehaldjournalen skal for lama, alpakka og andre dyr i kamelfamilien innehalde opplysningar om

  • artane og talet på dyr som blir haldne på anlegget
  • for kvart enkelt dyr som blir halde på anlegget:
    • identifikasjonskoden som går fram av dyrets identifikasjonsmerke
    • registrerings- eller godkjenningsnummeret til avsendaranlegget og datoen for flyttinga dersom dyret kjem frå eit anna anlegg
    • registrerings- eller godkjenningsnummeret til mottakaranlegget og datoen for flyttinga dersom dyret er flytta til eit anna anlegg
    • fødselsdato (eller fødselsmånad og -år dersom datoen er ukjend)
    • datoen eller månaden og året for hendinga dersom dyret har døydd, blitt slakta eller har gått tapt på anlegget
    • plasseringa av mikrochipen dersom ein slik er brukt på dyret
    • dyrets opphavlege identifikasjonskode dersom denne har blitt endra, samt årsaka til endringa
  • for kvar gruppe av dyr som blir flytta frå anlegget:
    • namnet og adressa til den driftsansvarlege på mottakaranlegget
    • datoen for flyttinga
    • talet på dyr i gruppa
  • for kvar gruppe av dyr som blir flytta til anlegget:
    • namnet og adressa til den driftsansvarlege på avsendaranlegget
    • datoen for flyttinga
    • talet på dyr i gruppa
  • dokument (helsesertifikat, veterinærattestar og eigenerklæringar) som skal følgje med dyr som flyttast til anlegget frå andre anlegg i Noreg eller frå utlandet
  • biosikkerheitstiltak, overvaking, behandlingar, testresultat og andre relevante opplysningar
  • resultata av eventuelle dyrehelsebesøk
  • for kvart enkelt dyr som blir halde på anlegget:
    • sjukdommar og skadar og mogeleg årsak
    • behandling av sjukdommar og skadar
    • mogeleg dødsårsak eller årsak til avliving dersom dyret døyr naturleg eller avlivast
  • det førebyggjande helsearbeidet i anlegget

Link til Mattilsynets sin artikkel

Tekst hentet fra Mattilsynet sin artikkel.  Bildet er laget med ChatGPT